Vinsmaking for dummies & Lansering av kulturhusvin!
Billettar
Om arrangementet
Velkomen kom til ei triveleg stund med mykje smak! Først del av kvelden blir det vinsmaking for dummies, som er ein artig og nyttig vinverkstad, i regi av sommelieren vår Erik!. Du vil bli utfordra på både kjende og ukjende smakar, og vi trur at økta vil vere artig og lærerik for både amatørar og ekspertar. Det vert praktiske øvingar for å gjenkjenne syre, alkohol, taniner og sødme i vin, på ein måte som garanterar at du vert ein betre vinkjennar. Det vert nok mykje latter i verkstaden, og truleg litt alvor når vi også arrangerar lagkonkurranse på testing av lukt! NB! premie! Siste del av kvelden skjer det noko heilt spesielt..! Då vil vi nemleg presentere kulturhusvinen vår, og de får vere dei første i verda til å smake på ja; Verdas beste vin (heilt objektivt vurdert..) Hausten 2024 var vi i Pinoso, Spania for å hauste og kverne druer, for å lage akkurat denne vinen. Den har stått på fat og modna seg i 15 månadar, og er meir enn klar for å bli henta HEIM! Vi serverar Strandaskinke, nysteikt foccacia, og aioli - inkludert i prisen. Open bar for dei som ynskjer meir enn smaksprøvene. NB! Kun 30 plassar…!
