VI REISER TIL PORTUGAL!
Billettar
Om arrangementet
KULTURKVELD - Mat & vin & nokoattåt Visste du at portugisarar har minst 365 oppskrifter på Bacalhau? Ein for kvar dag i året! Bacalhau er det portugisiske ordet for torsk /klippfisk, og er sjølve hjørnesteinen i portugisk matkultur. Portugal er verdas største forbrukar av torsk per innbyggar, og vel 75% av denne fisken kjem frå Noreg. Når vi denne kvelden skal til Portugal på kulinarisk reise, så seier det seg sjølv at klippfisk må stå på menyen! TRE RETTAR: Bolinhos Bacalao Pasteis de nata VINPAKKE: Erik, vår eigen sommelier og kokk, vil finne fram gode vinar som han vil fortelje om, og som sjølvsagt passar perfekt til måltidet. Årstida vi er inne i no gir unike moglegheiter til å lukte og lære om vin. Ta difor med luktesansen din, kanskje vert du utfordra og premiert..! ANDRE KULTURELLE REFERANSAR TIL PORTUGAL: Kva dette blir er vi ikkje sikre på..! Men noko musikk vert det truleg, kanskje ein quiz? Kanskje skal Erik og Hilderun synge ein Fado, eller kanskje helst ikkje.. Bli med på ein triveleg kveld!
