TOBIAS BECK - TRIKSESHOW & FOREDRAG

Om arrangementet

Velkomen til show og prat med ein verdsmeister i fotballtriksing! Tobias Beck er verdsrekordhaldar og fem gonger verdsmeister i football freestyle! Heilt sidan Tobias Beck kunne gå hadde han med seg fotballen, over alt. Etter ti år med tradisjonell fotballaktivitet bestemte Beck seg for å satse på ein karriere som fotballfreestyler. Det har han aldri angra på! Den ekstraordinære ballteften har gitt han mange titlar både nasjonalt og internasjonalt. Triksaren er også godt kjend frå TV-programma Mesterens Mester og Skal vi danse. Denne kvelden får du oppleve trikseshow til musikk, samt eit opplegg på scena med demonstrasjon og informasjon. Truleg vil han utfordre nokre frå publikum om å prøve seg på scena..! Etter showet kan du få ein prat, kanskje ein selfie med, og autograf, frå stjerna.