Thomas Dybdahl - DUO
Billettar
Om arrangementet
Gjennom 20 år har Thomas Dybdahl teke trufaste lyttarar på ei reise gjennom vakre og detaljrike landskap, og festa si stilling som ein av Noreg sine største artistar og låtskrivarar. I vinter har vi sett og høyrt han på TV-programmet; Hver gang vi møtes, og det er lite tvil om at Dypdahl på desse kveldane har erobra folkesjela! For 20 år siden sat Thomas Dybdahl med sitt første soloalbum “…That Great October Sound” mellom hendene. Albumet vart eit vendepunkt i karriera med svært gode kritikkar, Spellemannspris og Edvard-pris. VG skreiv dette om debutalbumet: «Dybdahl alene er en aldri så liten åpenbaring med såre, vakre sanger fremført med den samme, nesten hviskende intensiteten som gjorde Jeff Buckley til allemannseie – hør bare åpningssporet «From Grace»!». Denne kvelden på Storfjord Kulturhus har Thomas med seg Vegard Lien Bjerkan på flygel. Bjerkan har vore fast medlem i Dybdahl sitt band dei siste 5 åra, men det er først det siste året at dei har byrja å spele duokonsertar saman, etter nokre veldig godt motteke konsertar i Utstein Kloster og Baroniet Rosendal sist haust. Vegard gikk jazzlinja på konservatoriet i Trondheim, og vart på kort tid ein av landet sine mest etterspurde organistar og pianistar. Han spelar fast med sine egne prosjekt WIZRD, Soft Ffog og Karl Bjorå, samtidig som han er med både Kurt Nilsen, Morten Abel og Sigvart Dagsland i deira band. Ein konsert som denne, utan eit stort band i ryggen, er ei unik moglegheit til å høyre songane til Dybdahl slik dei opphaveleg vart til. I tillegg til å presentere klassikarar frå ei lang klarriere, spelar han også nyskrivne låtar. Dette kjem til å bli ein heilt fantastisk kveld, med to av dei aller beste på scena. Velkomen!