The Nowhere Men

Om arrangementet

NYE MØTE MED IKONISKE BEATLES-LÅTAR Lars Saabye Christensen, dikt. Helge Iberg, piano Helge Iberg spelar sine tolkningar av ikoniske Beatles-låtar medan forfattar og Beatles-kjenner Lars Saabye Christensen, les dikt/poetiske tekstar som er skreddersydde for konserten, saman med personlege kommentarar frå sitt eige Beatles-univers. Saabye Christensen burde vere kjend for dei fleste. Han er ein av Noreg sine mest respekterte og populære forfattarar og har ein allsidig litterær produksjon. I mange si bevisstheit er oppvekstroman hans; «Beatles», eit av de viktigste tidsbilda frå andre halvdel av 1900-tallet. Saabye Christensen har motteke Nordisk Råds Litteraturpris og ei rekke andre utmerkingar. Han er medlem av det Norske Akademi for Språk og Litteratur. Helge Iberg beveger seg mellom den klassiske musikken sine partiturar og den moderne jazzen sine landskap. Som pianist har han gjort samarbeidsprosjekter med artistar som Bendik Hofseth, Sidsel Endresen og Nils Petter Molvær. Han har også gitt ut to bøker, og skrive ei rekke essays/artiklar om kultur/samfunn/kunst. Helge Iberg har motteke Prix Italia, Spellemannprisen, Musikkforleggerprisen, og er tre gonger nominert til Edvard-prisen.