Svanesjøen: Symphony of lights

Om arrangementet

Opplev ei av ballettverda sin største klassiker i ei heilt ny visuell drakt! Grand Kyiv Ballet presenterar Svanesjøen: Symphony of Lights – ein spektakulær produksjon som kombinerar Tsjajkovskijs udøydelege musikk og klassisk ballett, med lysande kostymer moderne lysteknologi og sterke visuelle effektar. Den tidlause historia om prins Siegfried og prinsesse Odette, som er forvandla til ein svane av ein vond trollmann, får nytt liv på scena gjennom elegant koreografi, internasjonale ballettdansarar og eit unikt lysdesign. Forestillinga held på den klassiske musikken og balletten sitt tradisjonelle uttrykk, samtidig som moderne lyssetting og kostyme skaper ei ny og stemningsfull oppleving for publikum. Svanesjøen: Symphony of Lights passar både for erfarne ballettelskarar og for dei som opplever Svanesjøen for første gang. Ein magisk kveld fylt med kjærleik, dramatikk, klassisk musikk og lys.