Strandaquiz´n

Om arrangementet

Det blir ikkje romjulstemning utan Strandaquiz´n 2. juledag! Tradisjonen tru er Leidulf Årvik og Paul Ivar Pedersen klare for ei ny runde med Strandaquiz´n, eit kjend og kjært møtepunkt for innbyggarane på Stranda, kamplystne lag frå nabobygdene, og utflytta strandarar på juleferie! Kategoriane er mykje godt dei same som tidlegare; sport, geografi, historie, kultur, lokale tema, litteratur, verda i dag og musikk. Paul Ivar garanterer sær og god musikk medan Leidulf vil prøve og begrense det særaste...! Sett i hop eit lag med vener og delta i leiken! Det vert premie til beste lag, og nokre trekkepremiar undervegs. Dørene opnar kl. 18.00, quizstart ca kl. 19.00