Strandaquiz´n
Billettar
Om arrangementet
Jaudå! Det vert Strandaquiz´n denne jula også! Trass i at den eine i quizmeisterduoen har valt å reise bort i romjula. Leidulf har fått innvilga permisjon, og kven veit? -kanskje er dette det dummaste valet han har gjort?! Fordi; inn frå sidelinja, som vikar, kjem Torbjørn “Tobben” Langlo! Ein artig pratmakar med enno mindre filter enn Leidulf ???? Paul Ivar er trufast, og tradisjonen tru så kjem han nok garantert til å utfordre deltakarane på LITT sær musikk! Kategoriane er ellers mykje same som tidlegare; sport, geografi, historie, kultur, lokale tema, litteratur, verda i dag og musikk. Strandaquiz´n er ein kjend og kjær møtestad for innbyggarane på Stranda, og for utflytta strandarar på juleferie! Sett i hop eit lag med vener og delta i leiken! Det vert premie til beste lag, og nokre trekkepremiar undervegs. Ja, kven veit, Leidulf? Kanskje du aldri klarar å spele deg inn att på laget?!
