Spansk mat&vinkveld
Billettar
Om arrangementet
Velkomen til ein ny spansk drøymekveld på kulturhuset! Vi reddar sommaren som aldri kom. For å unngå at alle i bygda går inn i ein djup haustdepresjon så opner vi dørene våre til ein solfylt kveld (!) den 17 oktober. Medan Einar Arve Nordang steller i stand ein uforgløymeleg paella med lokal vri, er vi klare for ein herleg kveld saman med dykk. Erik tek seg en tur ned til Spania veka før for å hente råvarer. Vi nemner mellom anna; uforsvarleg dyr skinke, ekte vellagra manchego, laga på sauemjølk – og ein svært spennende drikkepakke med innhald som vert spesialimportert for akkurat dette høvet! Det blir store mengder aioli, foccaccia og oliven – så gjer ferdig klininga før dere de kjem. Her blir det god stemning! Og sjølvsagt blir det eit flamencoinnslag frå enten Erik eller Hilderun??
