Peer Gynt

Om arrangementet

Kor går du når festen er over? Henrik Ibsens Peer Gynt er historia om å miste seg sjølv – og leite etter det ein har forlete. Fanga mellom einsemd og ein evig lengsel etter å høyre til, diktar Peer seg ein verkelegheit der han sjølv står i sentrum. Men når han må ta ansvar, glepp alt. Etter festen. Før erkjenninga. Peer vaknar åleine i mørkret – iført ein utsliten smoking, med ein plastpose fylt av øl, omgitt av kaos og minner frå ei natt han knapt hugsar. Han kjenner ikkje lenger att verkelegheita – eller seg sjølv. Denne versjonen av Peer Gynt er ein ekspresjonistisk, klaustrofobisk, og sår tolking av Ibsens sin klassikar – inspirert av Eyes Wide Shut, Nosferatu, og klubben sin pulserande natteliv. Eit mørkt univers befolka av troll, freistingar, og tapte moglegheiter, der Peer vert tvinga til å sjå seg sjølv i augene i etterdønningane av vala han har gjort. Peer er ein løgnar, diktar og rømling, men og eit menneske i desperat lengsel etter kjærleik og tilhøyrsle. Fanga i mørkret og eit svart hol, gjenopplever han hendingane som hindra han frå å nå Solveig, det einaste lyset i eit elles bekmørkt univers. No leitar han etter ein veg ut – kanskje tilbake, kanskje hjem – mens alt han har forsøkt å rømme frå, står i vegen. Gjennom eit splitta forhold til familien, og eit djupt sakn etter mor si, søker Peer stadig etter noko betre, men finn seg sjølv meir og meir framandgjort. Når han begår eit svik, vert han tvinga til å konfrontere det han har forsøkt å sleppe unna – og forstå at han må vende heim. Vi er stolte over å ha regissør Victoria Meirik tilbake. Ho har tidligare hatt regi på dei kritikerroste forestillingane Gift og Villanden her ved Teatret Vårt. Denne gongen jobbar hun saman med Agnethe Tellefsen på scenografi og lysdesign, og med Ingvild Langgård, som har komponert ny musikk til forestillinga. Musikken bær både fortid og notid i seg – voggesong og dødssong, klubbrytmer og folketonar, som glir over i kvarandre. Solveigs sang og Dovregubbens hall vert gjenskapt i eit nytt lydlandskap som blir slukt av rommet – og av Peer sjølv. Velkomen til ein rå, visuell og ærleg forestilling om lengt, utanforskap, og dei historiene vi fortel oss sjølve for å få livet til å henge saman.