Mexikansk kulturkveld

Om arrangementet

Velkomen til ein festkveld med fargar, krydder og salsa! Vi reiser til Mexico, landet som ligg vest for Mexicogolfen, og ikkje America-golfen som ein viss statsleiar vil kalle det.. Det er slett ikkje berre taco og tequila som kjem frå Mexico. I dette landet er det overflod av friske sausar og salatar, som kan kombinerast med alle typar kjøt. Vi lagar til ein spannande buffét med eit fyrverkeri av smakar der du kan forvente innslag av både kaffe og sjokolade! Vi har dessutan med oss ein EKTE meksikaner denne kvelden som veit korleis meksikansk mat EIGENTLEG skal smake. Det vert kulturinnslag på eit eller anna vis...utan at den planen er heilt klar enno! Vi tilbyr ein drikkepakke (3 glas) med drikke som passar godt til akkurat denne maten. NB! Ting billett i tide..