Kvartfinale i VM mellom Noreg og England
Billettar
Om arrangementet
Stranda kommune og Sparebanken Møre inviterar til kvartfinalekamp! Eldsjeler i fotballmiljøet på Stranda har jobba nokre dagar med å finne gode løysingar for å arrangere ny fotballfest. Kampar som blir viste på TV2-play er anten veldig dyre for arrangøren, eller må ein må følge visse spelereglar for å vise den gratis. Leidulf Årvik og andre eldsjeler fann løysinga! Med hjelp frå Sparebanen Møre vil nemleg Stranda kommune stå som arrangør denne kvelden. Vi viser altså kampen på kulturhuset og alle er velkomne:) Arrangementet er rusfritt, og det vil ikkje vere kiosk eller open bar. Orkla heiar sjølvsagt også på Noreg, og vil difor dele ut gratis pizza! I storsalen blir det amfi denne gongen. FOR Å SIKRE DE EIN PLASS MÅ DU GJERE DETTE: Gå inn på Storfjord Kulturhus: [www.storkultur.no]og kjøpe ein Fribillett til VM-kamp for kr. 0,- Vi opnar kl. 21.00. Kampstart kl. 23.00 Stor takk til Stranda kommune, Sparebanken Møre og Orkla! Velkomen!
