Kor Nøye!? syng Norsk på Norsk.

Om arrangementet

Kor Nøye!? er nok ein gong klare for å halde vårekonsert i storstova vår. Denne gongen skal dei synge berre norske songar; gamle, kjende, og nokre heilt nye! På konserten har dei med seg fire spennande gjestar som også skal delta på konserten. Dei har fått med seg duoen Kløver 2, som består av Harald Overvoll og Britt Kleppe. I tillegg kjem Oddbjørg Stadheim og Kristin Storstein. Bli med på ein fin kveld med norske songar, sunge av norske artistar!