Koht, håp og glede

Om arrangementet

Er det noko vi treng no, så er det fargar, glede og takknemligheit. Christine Koht er tilbake på scena - i levande live! Det var det ikkje mange som skulle trudd, men her er ho - proppfull av livskraft og livserfaring. Ho har stått opp frå dei døde, og no delar ho raust med innsikt og humør etter ein heisatur av ei livsreise. Dette er Christine Koht slik vi kjenner ho - varm, ellevill og med meir livsglede enn nokon gong. For vi er sterkere enn vi trur, seier Christine. Merkelegare og meir morosame. Kraft og eventyr kan vi finne overalt - også innestengt på eit lite sjukerom i mange månadar. Det er overraskande gøy der også. I alle fall dersom du er med Christine. Christine Koht har fått den største gåva nokon kan få - sjølvaste livet! No vil ho gi alt ho kan av energi og livsglede tilbake. Ho gler seg - og det kan du også! Christine sin klare bodskap er: -Elsk det livet du har!»