Knut Marius - EMBER
Billettar
Om arrangementet
Dottera ga Knut Marius motivasjon til deltaking i TV reality. Det vart det ny låt av. Og no er han igjen klar med ny musikk og turné Det viktigaste i livet for Knut Marius er musikken og familien. To år etter at Knut Marius debuterte med albumet «6393» er artisten frå Tomrefjord nok ein gong klar med ny musikk. I 2024 kom singelen EMBER, som handler om dottera VILJA, og betyr glødande kol. I haust slepp han fleire nye singlea, før nytt album kjem i forkant av turnéen våren 2026. Knut Marius samlar igjen stjernelag sitt av musikarar ut på turné. Utgivinga og turné har fått tittelen EMBER, og Knut Marius fortset å skrive på Norsk. Noko som utvikla seg og befestet seg meir og meir med debutalbumet «6393». Det å synge på dialekt bringer ein nærleik til materialet som han vil videreføre. EMBER handlar om det å ta tak i sitt eige liv, tørre å gå laus på utfordringer, og heile tida søke mot det neste steget. Ei slik reise byr alltid på djupe refleksjonar, kor ein går grundig igjennom kva som har betydd, og betyr mest for at ein er der ein er, og at det tek deg videre på reisa ein må gjennom for å utvikle seg, og å oppnå nye milepælar i livet. Ufordringar tek Knut Marius på strak arm, med «hat trick» i reality. The Voice 2013, Stjernekamp i 2020 og Kompani Lauritzen i 2024. Norgesturné starter i februar 2026, og er backet av et knippe av Noreg sine aller beste musikarar og blir levert av ei stor stemme og ein ærlelg låtskriver frå Tomrefjord. På scena: Knut Marius - Vokal Tommy Kristiansen – vokal og gitarer Jonny Sjo – Vokal og bass Haakon-Marius Pettersen – Vokal og tangenter Marius Simonsen – Vokal og trommer Velkomen på konsert!