Kafé/konferanse

Kafè Allmenningen: Kafèen i kulturhuset har ikkje fast opningstid, men tilbyr mat og drikke til arrangement, møte, kurs og konferansar som vert skipa til i huset. Vi tilbyr og i visse tilfelle catering.

For catering ring: 415 46 200

Kafèen ligg i første høgda i kulturhuset og syter for servering til arrangement som vert skipa til i dei ymse salane. Kafèen er og nytta til selskapslokale, og vi skreddarsyr gjerne bryllaup, jubileum, åremålsdagar, minnestunder og intimkonsertar.


Foto: Vassbotn

Konferanseavdelinga ligg ved sida av kafèen. Her tilbyr vi moderne møtelokale og teknisk utstyr. For større konferansar eller arrangement som krev særskilt teknikk, nyttar vi storsalen.