Joy

Om arrangementet

JOY - dans - konsert og lammetaco! Dette blir ein palmelaurdag med mykje innhald og mykje glede (joy!) Vi startar kvelden med å servere lammetaco frå buffét. Vidare blir det konsert og dans med JOY! Historia om orkestert «Joy» Pop-rockbandet «Joy» vart starta i 1979, då nokre av medlemane i meir kjende «Akropolis» braut ut derifrå for å starte for seg sjølve. «Profflivet» var utfordrande, og etter nokre månadar var det over. Karane reiste kvar til sitt og Sigurd Drege var såleis attende på Stranda. Spelelysta var framleis stor, og han kom etter kvart saman med trommeslagar Lars Egil Døving, som nyleg var attkomen frå teneste i Libanon, og Svein Arne Furset, som var ein gamal ringrev på Hammond-orgelet sitt. Alle tre hadde lang røynsle frå diverse orkester - sistnemnde alt frå «Candles» midt på 1960-talet. Namn som «Fem på Fem», «Butterfly Galore» og «Akropolis» kling nok framleis godt i mange strandarar sine øyrer. Då populære «Mon Cheri», gav seg, vart «Joy» etter kvart utvida med brørne Arnfinn og Ole Bjørn Siem. Repertoaret inneheld dansbar pop, country, soul- og rock. «Joy» var populære i store delar av Midt-Noreg og hadde mellom anna stor suksess på danserestauranten «Monte Cristo» i Trondheim. Dei fleste danseplassane i Møre og Romsdal hadde nok besøk av orkesteret på 80- og 90-talet. Høgdepunktet i karrieren kom då «Joy» var med i tv-serien «Kom og dans», med Johan Fasting på NRK. Familieliv, jobb og andre høve førte til ein lang pause, men då Storfjord Kulturhus skipa til konserten «Syttitalsbanda på Stranda» i 2015, stilte «Joy» opp og spelte som aldri før. «Joy» var sist i programmet, og ståande applaus og trampeklapp frå ein fullsett sal synte kor populære dei gamle banda framleis var. Endå ti år seinare er «Joy» framleis i live - med like stor speleglede som før, og vel så det... Arnfinn, Svein Arne, Lars Egil og Sigurd er framleis med, medan Ole Bjørn, som har flytta frå Sunnmøre, er erstatta med son til Sigurd - Geir Olav Eide Drege, som har blitt ein kløppar på bass og gitar. Spelelista inneheld kjende og kjære låtar frå nokre år attende, og dei aller fleste er fine å danse til. Vi satsar på fullsett sal og stor stemning når «Joy» spelar påska inn «Palmelaurdag», 28. mars. JOY er: Arnfinn Siem - gitar, bass, vokal Svein Arne Furset - orgel, keyboard, vokal Lars Egil Døving - trommer, vokal Geir Olav Eide Drege - bass, gitar, vokal Sigurd Drege - vokal, perkusjon, munnspel Lammetacobuffét kl. 19.00 Konsert: kl. 21.00 Du kan kjøpe billett til begge deler, eller kun til konserten. Fristen for å kjøpe billett til tacobuffeten er onsdag 25. mars.