Grand Kyiv Ballet - Snødronninga
Billettar
Om arrangementet
Kyiv Grand Ballet er tilbake! Denne gongen med forestillinga: Snødronnina Kyiv Grand Ballet har gleda av å presentere eit unikt ballettsamarbeid mellom koreograf Alexander Abdukarimov og den finske komponisten Tuomas Kantelinen. Hans Christian Andersen si Snødronningen er eit tidlaust eventyr om evig kjærleik og venskap, som vinn over sjølv dei største hindringane. I denne magiske forteljinga bur det ein gut med namnet Kai, og ei jente med namnet Gerda, side om side. Dei er uatskilelege vener. Kai si bestemor fortel barna om Snødronninga, den mektige herskerinna over is og snø. Ho fortel også om eit vondt troll som skapte ein forheksa spegel – ein spegel som vrenger alt det speglar. Det gode og vakre vert stygt og kaldt, medan det vonde vert forsterka. Ein dag splintrar spegelen i tusen bitar, og dei ørsmå skårene vert kvervla med vinden. Ein av desse finn vegen til Kai sitt auge, eit anna til hjartet hans. Brått ser han verda med eit kaldt og vrengd blikk – alt som ein gong var vakkert, verkar no stygt. Hjartet hans, som før var fylt av varme og glede, frys til is. Han blir avvisande og ufølsom, og til slutt lokka bort av Snødronninga som tek han med til sitt iskalde slott. Gerda, knust over å ha mista sin beste ven, legg ut på ei lang og farleg reise, for å finne Kai og bringe han heim. Ho møter mange utfordringar på vegen – troll, røvearar, snøfnugg, mystiske skapningar og kongelege – men let seg ikkje stanse. Til slutt finn ho Kai i Snødronninga sitt slott, kor kulda har gjort ham kjenslelaus. Men Gerda gir aldri opp. Hennar kjærleik og varme tårer smeltar isen i hjartet hans og bryt forbanninga. Snødronningen er ein storslått og visuelt blendande ballett som tek publikum med på ei magisk reise gjennom iskalde landskap og eventyrlege verder. Med klassisk ballett, vakker musikk og spektakulære scenebilete, vert dette ei forestilling som vil trollbinde både unge og voksne.