Gjer Stranda greit igjen, IGJEN
Billettar
Om arrangementet
Kor Løye er tilbake med nye sprell i denne politiske komedien! Mangt og mykje har skjedd sidan vår hardtarbeidande ordførar gjorde Stranda til eit skatteparadis i fjor, og den politiske gradestokken i Stranda kommune viser fortsatt godt over kokepunktet. Men ordføraren er slett ikkje tapt bak ei vogn, og igjen har han kome opp med ein genial idé for å få orden på sysakene: TV-eksponering. Inspirert av den populære serien DENNE STRANDA planlegg han no å skine i den tilsvarande dokumentarserien DENNE POLITISKE STRANDA - ein tv-dokumentar om Norges aller mest framoverlente kommunestyre, eit føregangseksempel for andre kommuner. Med eit godt og detaljert manus som skal halde sjølv dei lausaste kanonene i taumane, så kan vel ingenting gå gale.. eller? Det spørs om vår ambisiøse ordførar no igjen heng i ein tynn tråd(telefon), og er det eigentleg nok med berre éin ordførar i ei kommune som Stranda…? Dette og mykje meir vil vi få svar på når Kor Løye skal gjenta fjorårets suksess og gjere Stranda greit igjen IGJEN Med på laget er eit topptrimma og Sykkylvstungt band: Sondre Utgård, Mathias Utgård, Tor Einar Steinsvik og Arnfinn Siem!