Fra Bar til Barrikade

Om arrangementet

I "Fra Bar til Barrikade" vert det formidla tysk kabaretmusikk frå Wien til Berlin i saftige, rå og usminka arrangement av pianist og kapellmester Trygve Brøske! Dette er musikk skriven i ei tid kor Europa står på kanten av stupet, formidla og aktualisert inn i vår tid ved Tora Augestad, anarkjend som ein av verda sin framste tolkarar av nettop denne musikken! I lag dyktige musikarar som Trygve Brøske på klaver, Bjørn Nymann på klarinett og heile Ålesund Strykvekvartett så kan vi gle oss til ein flott konsertkveld! Open bar. Medverkande: Tora Augestad, vokal Trygve Brøske, klaver/kapellmester Björn Nyman, klarinett Ålesund Strykekvartett: Ai-Ling Chiu, fiolin Anne-Randi Nilsen, fiolin Linda Bønes, bratsj Samuel Skrede, cello Rikard Holst, kontrabass

Om artistane:

TORA AUGESTAD er ein av våre mest allsidige songarar, og med base i Berlin har ho eit internasjonalt nedslagsfelt som er spesielt kjent i sentral europa. Augestad har fordjupa seg spesielt til repertoar frå det 20. og 21. århundre, og meistrar eit stort spenn av uttrykk frå det klassiske med barokk og opera,  til tango, jazz, pop og cabaret. Ho har ein omfattande europeisk karriere og har vore solist med ensembler som Ensemble Modern, Klangforum Wien, Bamberger Symphoniker, Gürzenich-Orchester og dei store norske symfoniorkestra. I 2004 etablerte ho ensemblet Music for a While med fantastiske norske musikarar. Tora Augestad har vore nominert til Nordisk Råds Musikkpris i 2015, og ho var kunstnerisk leiar for Hardanger Musikkfest fra 2015-2020. Augestad ble I 2018 ble hun kåret til Årets Utøver av Norsk Komponistforening for sin innsats for norsk samtidsmusikk, og blant hennar mange kritikarroste plateutgivingar kan ein nemne “Portraying Passion”med Oslo-Filharmonien, som vann Spellemannpris i 2019 for årets klassiske utgiving.

 

Trygve Brøske er pianist og komponist/arrangør busett i Trondheim. Han har utdanninga si frå Trøndelag Musikkonservatorium og Conservatoire de Musique de Genève der han gjekk ut med Premièr Prix de virtuosité våren 2001. Trygve er en svært allsidig musikar, og har samarbeida med forskjellige musikarar som Sven Bertil Taube, Sissel Kyrkjebø, Per Arne Glorvigen, Minken Fossheim, Trondheimsolistene og Moskva Balalaikakvartett. Han samarbeidar meir eller mindre fast med songarane Isa Katharina Gericke og Tora Augestad, er tramporganist i Unni Boksasp Ensemble, og cembalist i folkbarokkgruppa Musicus. Han har vært solist med Trondheim Symfoniorkester, l’Orchestre de la Suisse Romande og St. Petersburg Academic Symphony Orchestra. Han har urfremført verk av Erlend Skomsvoll, Henning Sommerro, Beat Furrer m.fl, og er dessutan ein ettertraktet akkompagnatør og kammermusikar. Trygve har spelt i band med, og akkompagnert ei rekke norske pop-artister, han spelar folkemusikk, og har ei utstrekt verksemd som pianist og arrangør innan teater- og kabaretsjangeren. Dette har mellom anna resultert i Eisler Ensemble som har gitt ut to kritikarroste plater saman med songaren Anne-Lise Berntsen. Som komponist har han i det siste markert seg med bestillingsverk til bl.a Alpaca Ensemble, Nordnorsk Opera og Symfoniorkester, Oslo Kammerakademi og Trondheim Symfoniorkester. Trygve Brøske er kunstnerisk leiar for Stangvikfestivalen som er ein kammermusikkfestival med sterk vektlegging av samtidsmusikk. Han er tilsett som førsteamanuensis i klaverfag ved NTNU, Institutt for Musikk i Trondheim. Trygve fikk Spellemannsprisen for årets barneplate 2008 som komponist for Trondheim Sinfonietta, og i klassa folkemusikk i 2010 med Unni Boksasp Ensemble.

 

BJÖRN NYMANN er ein av deI leiande klarinettistane i sin generasjon i Norden. Han er professor ved Norges musikkhøgskole og ein ettertrakta kammermusikar og solist. Han er soloklarinettist i Det Norske Kammerorkester. I 20 år var han soloklarinettist i Kringkastingsorkestret, men forlot orkesteret i 2023. 

 

ÅLESUND STRYKEKVARTETT:

AI-LING-CHI, fiolin, er frå Taiwan, og har utdanning frå National Taiwan Academy of Arts, mastergrad frå University of Kansas i U.S.A., og har ein Solist Diplom-utdanning ved Høgskolan for Musik och Drama, Universitetet i Gøteborg. Ho har vore solist med National Academy of Arts Symphony Orchestra i Taipei, Universitetetsorkesteret i Bergen, Ålesund Symfoniorkester, og med Gøteborgs Symfoniker. Ai-Ling var i 2009 hovudmottaker av Sparebanken Møre sitt Gnist stipend. Ai-Ling spelar på en fiolin laga av Carlo Giuseppe Testore, 1710. Instrumentet er skaffa med støtte fra Stiftelsen Kjell Holm og Sparebanken Møre. Ai-Ling Chiu er kunstnerisk leiar for Ålesund kammermusikkfestival og fekk Møre og Romsdals fylkeskulturstipend i 2023. 

ANNE-RANDI HÅHEIM NILSEN, fiolin, har si utdanning frå Norges Musikkhøyskole og Stavanger Musikkonsertvatorium. Ho har tidligare vore fast tilsett i orkesteret i Den Norske Opera og Ballett. Dei seinere åra har ho vore ein ettertrakta frilansmusikar i Møre og Romsdal. 

LINDA BØNES, bratsj, er født og oppvaksen i Bergen. Ho er utdanna bratsjist ved Griegakademiet. Som musikar har ho tidligare spelt i Bergen Filharmoniske orkester. Ho var også med på å etablere Cumuluskvartetten og Bergen Unge Kammerorkester. I dag spelar hun som bratsjist i Ålesund symfoniorkester og bratsjist i Ålesund strykekvarett.

SAMUEL SKREDE, cello, er utdanna på Griegakademiet i Bergen og Guildhall School of Music and Drama i London, og vore Ålesund strykekvartet sin cellist sidan 2003. Utover sitt virke som utøvande cellist, solist, kammermusiker og pedagog, administrerte han Ålesund Symfoniorkester 2005-2009. Han har også lagt til rette konsertseriane på Kunstmuseet KUBE fra 2009, og frå 2010 vore produsent for Ålesund Kammermusikkfestival og Ålesund Kammersolisters produksjonar.

RIKARD TOFTEN HOLST, kontrabass,musikar musiker opprinneleg frå Honningsvåg i Nordkapp Han er utdanna bassist og har mellom anna spelt i Ungdomssymfonikerne (Norges nasjonale ungdomsorkester). Holst har spelt med ulike konstellasjonar, inkludert innhopp som bassist i kulturelle samanhengar i Alta-regionen, og bidrege på ei rekke festivaler. Dei seinare åra har han også spelt mykje i Den Norske Opera og ballett.