The Aksel Kolstad Show
Billettar
Om arrangementet
Den prisbelønte klassiske pianisten og komponisten Aksel Kolstad kjem attende til Stranda, og vil denne kvelden gjere sitt velkjende The Aksel Kolstad Show. Nyleg spelte han for 600 mennesker i Vilnius, og for ikkje lenge sidan hadde han ei rekke konsertar med The Aksel Kolstad Show i Las Vegas! New York Times har berømma Kolstad for å bruke ein kombinasjon av virtuost spel og grensesprengande humor! Kolstad blir ofte omtala som «Mozart på steroider», noko som ikkje er ei underdriving. Med eit heilt spesielt energinivå og alltid i fargerike dressar, er han leiken og held ein morosam og folkeleg tone med publikum. På dagtid skal han halde minikonsert og supsafari for born og familiar på Hesteberget men har garantert nye sprell å by på denne kvelden!
