Ytre Suløens Jass-ensemble med Tricia Boutté

Om arrangementet

YTRE SULØENS JASS-ENSEMBLE MED TRICIA BOUTTÉ Snart 50 år med musikalske eventyr! Med utgangspunkt i tradisjonell jazz frå New Orleans har Ytre Suløen heilt siden starten i 1973 vore kjend for speleglede og leikenskap i omgang med jazzen sine former. Frå Langevåg utanfor Ålesund drog dei som første norske band til the New Orleans Jazz & Heritage festival i 1976. Sidan den gong har det blitt utallege konsertar og turnear i mange verdsdeler, og bandet har idag som fast medlem vokalisten Tricia Boutté, som har flytta til Noreg frå New Orleans. Bandet gjer stadig kyrkjekonsertar og klubbkonsertar, og har også kor og korps som inspirerte samarbeidspartnere, i jazz, blues og gospel. Ytre Suløen har alltid ønska å inspirere unge musikarar i jazzverda, og tok i 1995 initiativ til ungdoms-paradebandet «Jazzlogen» i Molde. Dette har no blitt eit fargerikt syn i bybildet under Moldejazzen kvart einaste år, og fleire unge jazzmusikere har faktisk startet sin musikalske løpebane med Suløen som instruktørar i Jazzlogen. Denne kvelden er det altså klart for ei vakker og stor konsertoppleving!