Ukrainsk kulturtreff

Om arrangementet

Bli kjend med ukrainarane i bygda vår! Sidan krigen starta i 2022 har omlag 50 flyktningar frå Ukraina kome til Stranda kommune. Men kjenner vi eigentleg våre nye sambydingar? Kanskje ikkje. Vi ønsker å skape eit triveleg treffpunkt, og inviterer difor til ein kulturkveld i storsalen denne laurdagen. I samarbeid med ukrainske vener vil vi lage til ein variert matbuffét. Og ja, sjølvsagt skal vi servere den ukrainske rødbetesuppa Borsj! Sommelieren vår Erik vil leite fram gode ukrainske vinar som han vil presentere, og som vi tilbyr i baren. Frå scena blir det kulturinnslag og quiz. Alt ligg til rette for ein hyggeleg kveld der vi skal bli kjende med nye menneske og kose oss i lag!