The Feelgood Orchestra

Om arrangementet

The Feelgood Orchestra har sidan 2015 herja rundt på austlandet med alle sine favorittlåtar, og no vender vi snuten mot Stranda for å få dansegolvet til å skjelve! Tørk støvet av danseskoa, samle gjengen, og bli med oss når vi danser og syng oss gjennom kvelden! Event-bandet frå Oslo består av 9 energiske musikarar. Blant desse: Øyvind Eliassen frå Stranda på gitar! I storsalen blir det småbord og dansegolv. Få billettar....så kjøp i tide!