The Feelgood Orchestra
Billettar
Om arrangementet
Ja! Det er heilt sant! Dei kjem tilbake! The Feelgood Orchestra er definitivt Norge sitt råaste partyband! Og ingen andre har fått opp stemninga i Storfjord Kulturhus så fort og så grundig då dei var her i september 2022. Dansegolvet var nemleg fullt etter 10 minutt:) Det Oslo-baserte bandet består av energiske musikarar som skapar funky stemning og opplevingar du seint vil gløyme! Dei leverer eit gjennomprodusert show med stor breidde av kjende og kjære låter i mange sjangrar. 11 menn og full blåserrekke på scena! På gitar finn vi Øyvind Eliassen frå Stranda?? Våren 2018 kunne du sjå The Feelgood Orchestra som Stian Blipp sitt dynamiske husband i sesong 2 av Stian Blipp Show på TV2. Same år jobba bandet med fleire av NRK sine fremste nyheitsanker som husband på den direktesendte festkvelden i høve Dagsrevyen sitt 60-årsjubileum. Tørk støvet av danseskoa, samle gjengen, og bli med oss når vi dansar og syng oss gjennom kvelden! I storsalen blir det kun nokre få bord, resten av golvet skal det dansast på! Denne gongen gjeld det å sikre seg billett i tide, for dette bandet går det gjetord om på Sunnmøre no! 18 år Sjekk dei på youtube: https://www.youtube.com/watch?v=sWfQk9y2FRw https://www.youtube.com/watch?v=PKWOGu7z7iw https://www.youtube.com/watch?v=Qvb-1ivgw8o