Terje Sporsem og John Brungot: Høy og Mørk

Om arrangementet

MacGyver Entertainment presenterar i samarbeid med Grusveien Entertainment Terje Sporsem og John Brungot Høy og Mørk To av Norges mest populære komikarar har slått seg saman med eit mål for auget: Å gi deg eit skikkelig artig show! Og DET trengs når verda går meir og meir av hengslane. Høy og Mørk er spekka med stand-up, musikk og parodier, og både presse og publikum har lete seg begeistre av denne allsidige forestillinga der Terje og John tek for seg nokre av dei store og viktige spørsmåla i livet. Dette skriv kritikarane: “Morsommere blir det knapt!” - Terningkast 6 - Nettavisen “Vi ler oss fillete alle sammen”- Terningkast 5 - NRK “Velfortjent stående applaus” - Terningkast 5 - Adresseavisen “Intelligent humor på overlegent nivå” - Terningkast 6 - Radio E Gjer deg klar for en kveld spekka med masse latter og god stemning! Regi: Martin Beyer-Olsen John Brungot er ein av Noregs mest ettertrakta humoristar, og har lang og brei røynsle frå både scene, TV og film. Han har vunne prisen Årets TV-komikar under Komiprisen, og har vore med i humorprogram som Torsdag kveld fra Nydalen, Nårje og Søstrene ser på TV. John har òg vore programleiar for fleire store TV-suksessar. For tida er John å sjå i Humoretaten på NRK. Terje Sporsem er ein av landets mest folkekjære standup-komikarar, og har sett opp fleire soloshow som har fått toppkarakterar, og som framleis blir viste jamleg på NRK. Han har òg ein lang TV-karriere bak seg, har vore programleiar for ei rekkje program, og har gjort seg bemerka som deltakar i fleire populære konsept. Han har fått Stå opp-prisen, og har fleire gongar vore nominert til Komiprisen. Terje feirar 30 år som komikar i 2026.