Teatret Vårt og Cirka Teater - Puls

Om arrangementet

Puls Menneske, maskin og magisk rabalder Tenk deg at du støyter på ein diger kube! Ein massiv klump av rust, metall og skrot. Som ein samanklemt skraphaug frå fortida. Så byrjar kuben å vakne, og med eitt er du fanga i ei rekke av rare, uforståelege hendingar. Kva er det kuben vil med deg? Er det nokon som styrer den? Og ikkje minst: kjem du nokon gong til å sleppe unna ...? Puls løfter spørsmål knytt til mennesket sitt avtrykk på jorda. Mennesket har ein stor trang til å skape, bygge og finne opp. Men kva skjer med mennesket når det vert konfrontert med resultatet av det vi har skapt? Kan oppfinningarne våre kome til å endre oss på ein måte som vi slett ikke kunne ha forutsett? Puls er ein morsam og spenningsfylt forestilling som leikar med illusjonar gjennom fysisk, ordløst samspel og spektakulære effekter med mange overraskingar. Denne forestillingen er noko du aldri har sett før - rett og slett ein gåvepakke av overraskingar, spenning og magi! Cirka Teater er et av landet sitt mest erfarne scenekunstkompaniar. Dei har produsert meir enn 40 forestillingar som har spelt både nasjonalt og internasjonalt, fått mange utmerkingar og imponert tusenvis av publikummarar. Vi er stolte over å co-produsere Puls saman med dei. Passar for alle frå 8 år.