Teatret Vårt - Jo mere vi er sammen

Om arrangementet

Jo mere vi er sammen Forvrengt om fellesskap og fogderi Treng vi eigentleg å samarbeide med dei andre? Dei som er irriterande òg? Dei som ikkje løftar sin del, eller bidreg til fellesskapet? Og kva med dei som snakkar ein heilt anna dialekt og heiar på feil fotballag? Eller dei som drit i kor lang veg vi får til sjukehuset? NB! Teatret Vårt feirer 50 år i 2022! Kjøper du billett før 31.12.21 får du jubileumspris; 100,- avslag på billetten. Sjå eigen billettkategori: Tidlegkjøp.

Dette er IKKJE ei framsyning om Møre og Romsdal. Kvar mogleg likskap med Møre og Romsdal eller fogderistrid er utilsikta, og eit kvart samanfall med verkelege personar og hendingar er heilt tilfeldig.

I Jo mere vi er sammen fabulerer vi over vilkåra til fellesskapet. Vi leiker med menneskelege mekanismar som både skil og bind oss saman. - For korleis står det eigentleg til med samhaldet i dag? 
Gjennom eit humoristisk og innimellom ganske grotesk vrengebilde blir vi tekne med til ei fordreidd, parallell verkelegheit. Her har ein mogleg borgarkrig kanskje funne stad, kanskje går den føre seg akkurat no eller kanskje kan den kome til å skje. 
Borgarkrig? tenkjer du kanskje. 
Vi ville vel aldri la det gå så langt, ville vi? 
Vel: Kom inn og sjå sjølv. 

Av: Kjøllmoen/Vedel
Regi:  Leiv Arne Kjøllmoen
Scenografi og kostymedesign:  Freya Sif Hestnes
Lysdesign:  Jonas P A Fuglseth
Med:  Elias Moussaoui Anseth, Ingrid Myhre Løvik, Johanna Mørck og Olavus Frostad Udbye