Tacobuffet (inkludert kino)
Billettar
Om arrangementet
I høve Valentinsdagen 14. februar ønsker vi velkomen til ein triveleg mat&kino-kveld på Storfjord Kulturhus! Den nye filmen i Bridget Jones-serien har premiere denne dagen, og det er neppe tilfeldig at dette skjer på Valentinsdagen?? Frå kl. 19.00 byr vi på ein god taco-buffét, og open bar. Filmframsyning kl. 21.00: Bridget Jones - Mad About The Man Nytt tiår, ny dagbok! I det fjerde kapittelet i den populære filmserien vender Bridget endeleg attende. Bridget Jones har vore enke i fire år, og navigerer no livet som åleinemor. I tillegg til å få hjelp frå dei trufaste venene og familien, er også sjølvaste Daniel Cleaver attende i livet hennar. Med aktiverte dating-appar er Bridget klar for å søkje lykka på nytt - med blanke sider i dagboka å fylle. På nettsida vår kan du kjøpe ordinære kinobillettar eller billett som inkluderar taco-buffét. Ønsker du det siste må du kjøpe billett seinast torsdag 13. februar. Begrensa plassar! Velkomen til ein romantisk kveld!