Strandaquiz´n jula 2023

Om arrangementet

Strandaquiz´n jula 2023 Vi held tradisjonen ved like. Det vert ikkje romjul utan Strandaquiz´n! Korgene til Leidulf og Paul Ivar er fulle av påskeegg…Men det er berre fordi dei likar å vere er tidleg ute! Strandaquiz´n er ein kjend og kjær møtestad for innbyggarane på Stranda, for utflytta strandarar på juleferie, og for "kamplystne" innbyggarar frå nabokommunane. Leidulf og Paul Ivar er quizvertar som før, og gler seg til fullsett sal med engasjerte quizdeltakarar. Dei er godt i gang med både lokale, nasjonale og internasjonale quizspørsmål. Få med deg vennegjengen, jobbgruppa eller familielaget og kjøp billett til laget! Quizen startar kl. 19.00. Dørene og baren opnar frå kl. 18.00. Vi held ope til kl. 01.00 Kvart lag kan ha inntil 8 deltakarar, og ein må kjøpe eit bord til minimum 6 deltakarar. Prisar: 6-mannslag: kr. 600,- 7-mannslag: kr. 700,- 8-mannslag: kr. 800,- Illustrasjon: Eirik Lind