Strandaquiz´n - jula 2022

Om arrangementet

Strandaquiz´n jula 2022 Vi er klare for ny Strandaquiz i jula! Romjulsquizen er ein kjend og kjær møtestad for innbyggarane på Stranda, for utflytta strandarar på juleferie og for "kamplystne" innbyggarar frå nabokommunane. Leidulf og Paul Ivar er quizvertar som før, og gler seg til fullsett sal med engasjerte quizdeltakarar. Få med deg vennegjengen, jobbgruppa eller familielaget og kjøp billett til laget! Quizen startar kl. 20.00. Dørene og baren opnar kl. 19.00. Vi held ope alt til 01.00. Kvart lag kan ha inntil 8 deltakarar, og ein må kjøpe eit bord til minimum 6 deltakarar. Prisar: 6-mannslag: kr. 600,- 7-mannslag: kr. 700,- 8-mannslag: kr. 800,- Arrangementet vert gjennomført med støtte frå Sparebanken Møre.