Frå Tafjord til Nice med Smeis!

Om arrangementet

Vi er Smeis, eit band samansett av musikkprofilar frå Møre og Romsdal som spelar musikk vi likar på vår måte. Vi har ofte folkemusikk som base i låtane våre, men spelar også mykje forskjelleg repertoar inspirert av viser, rock, pop og country. Bandet er eit resultat av ei kreativ coronaperiode, og vi har allereie hatt fleire vellukka opptredenar rundt om i fylket, bla Teaterfabrikken i Ålesund, Fjørefest på Vikeplikt og eigen Olsokkonsert i Valldal. Bandet består av: Elin Dyrkorn (fele og song) Roberth Lien (slagverk) Stefan Olsen (gitarar) Halvor Hovden (bass) Kristina Farstad Bjørdal (trekkspel/akkordeon) Vi lagar til med småbord og triveleg stemning i storsalen! Open bar.

Smeis er ei folkemusikkfusjonsgruppe som lagar eigne arrangement på lokal folkemusikk frå sitt heimområde Sunnmøre, i tillegg til å rett og slett spele musikk vi likar på sin måte. Denne gruppa spelar alt i frå viser, via country til springarar frå Møre og Romsdal. Det er også innslag av nokre klassiske svisker på programmet. Den unike samansetninga av folk består av felespelar og songar Elin Dyrkorn med sterke røter i folkemusikk og klassisk musikk, ho er for tida aktiv i bandet LIZZ og brukt som felespelar og korist på studioinnspelingar. Bandet består vidare av Roberth Lien på trommer som er influert av blues og rock samt tidlegare trommis i Vassendgutane, på gitarar har vi Stefan Olsen kjent frå band som Vangsgutane, Living Eart, Remember When, bluesbassist Halvor Hovden frå Notodden, kjent frå band som Åvai Bedehusa Band og Up and Fly, og den klassisk skulerte folkemusikkentusiasten Kristina Farstad Bjørdal på trekkspel, som til vanleg spelar mykje klassisk og samtidsmusikk.

 

Repertoar dykk kan forvente (vi varierar litt frå konsert til konsert, men dette er eit eksempel):

  • Springar etter Gustav Korsnes frå Tafjord

  • Augustblomen av Jo Asgeir Lie

  • Hjertebank etter Hekla Stålstrenga

  • Tango pour Claude av Richard Galliano

  • Som ein båt på land etter Hellbillies

  • Dagen i dag etter Hekla Stålstrenga

  • Song from a secret garden av Rolf Løvland

  • Folketonen etter Hekla Stålstrenga

  • Julottan av Mats Wallman

  • Sett deg i armkroken min etter Ivar Medaas

  • Vår herres klinkekule etter Erik Bye

  • I fyr og flamme av Jens Synnes

  • E du nord etter Kari Bremnes

  • Hjortingens polska etter Hjort-Anders

     

    Vi fokuserar på å gjer eigne folkemusikkarrangement, og i tillegg spele ting vi likar utan å vere for bunden av sjangrar