Pratagraf
Billettar
Om arrangementet
PRATAGRAF Bli med på ei surrealistisk og eksplosiv reise! Are Kalvø kjem tilbake til heimbygda med eit litt annleis konsept enn vi har vore vande med. Med seg i kofferten har han “Hallo i uken”- makker Espen Beranek Holm, samt ein trio av stjernemusikarar; Hedvig Mollestad, Ole Mofjell og Jon Balke. Batagraf + prat = PRATAGRAF I ønsket om å skape ein møtestad mellom samtidssatire og improvisert, rytmisk musikk, oppsto PRATAGRAF som et eksperiment i 2009. Ti år seinere er PRATAGRAF en forskningsstasjon og leikeplass for rytmer og språk. Det verbale vert strekt mot det abstrakte, det musikalske mot det latterlege, og det satiriske mot det djupsindige. PRATAGRAF er ein levende organisme, som heile tida veks, endrar seg i høve til tematikk og politisk aktualitet. Sceneoppsettet er enkelt: to forfattarar på kvar sin barkrakk, musikarar i ein halvsirkel og magien som oppstår i mellomrommet. Lyttaren og tilskuaren vert trekt inn i eit eige univers, kor særprega og vakker musikk vert uttrykt med meisterlig presisjon og vert fletta inn i satiren frå dei to forfattarane. Det er humoristisk og alvorstung lyrikk, det swingar, det groovar, og det vert trekt i alle retningar. Men mest av alt er det underfundig, tidvis absurd, og svært slagkraftig! Ein veg til berøring, forståing – og latter.