PK og Dansefolket

Om arrangementet

ENDELEG I SAMAN ATT ETTER PANDEMIEN 13. november, ganske nøyaktig 1 år og 7 månader sidan sist PK spelte i lag med resten av gjengen i Dansefolket, møtest dei på kulturhuset for å spele til dans. Det blir spesielt å treffe karane igjen når dei kjem frå Haugesund, Averøya og Bamle i Viken. Ut over telefonar og meldingar, så har kontakta vore halden med utveksling av musikk over nett i samband med idear rundt innspelingar til dei nyaste melodiane som PK har jobba med i perioden. Fordelen med å fyre opp igjen på Stranda, er at vi har særs hjelpsame folk i Storfjord Kulturhus som gir oss høve til å møtast ein dag tidligare for å gå gjennom repertoaret. Vi ser virkelig fram til å stå saman på scena att. Alle dei kjende låtene blir med, frå «Min Dingeling, Bam Bam Bam, Takk Gud For At Dere Finns", til dei nyaste, som nettopp er ferdig innspelte. Vi håper publikum er like «keene» som oss på å møtast, være sosial og kjenne på fridomen til høyre musikk å kunne danse trygge omgjevnader. Om ting skulle endre seg, vil vi sjølvsagt ta omsyn til det.