Ole Ivars - Takk for alle fine år

Om arrangementet

Ole Ivars - Avslutningskonsert Det var ein gong eit band som tok namnet Ole Ivars. Den musikkinteresserte gutegjengen frå området kring Hamar, starta i 1964, og sidan har bandet utvikla seg til å bli de mestseljande, det mest meriterte, og mest etterspurde bandet i Noreg! Bandet har tilhengarar som omfattar folk i alle aldrar i fleire land, og er i dag mykje meir enn eit danseband. Dei har spelt mest for folk som dansar, men i løpet av sine 58 år på vegen, har dei og give folket konsertar og show i kulturhus og konserthus. Ole Ivars har vore med på mykje spennande! Dei har jubilert i Vikingskipet på Hamar fleire gonger med tusenvis av elleville fans. På nittitalet reiste dei rundt på Dansegallacruise med S/S Norway i Karibien og i Europa. Bandet har til og med spelt til dans for dei kongelege ved fleire høve! Det har blitt 8 spelemannsprisar, inkludert den gjevaste prisen; Årets spelemann! Bassist og låtskrivar William Kristoffersen, mottok i 2009, Kongens fortenestemedalje, for felire betydelege låtar han har skrive. “Kongen av Campingplassen”, “Nei, så tjukk du har blitt”, En får væra som en er” og Jag trodde änglarna fanns” er nokre av låtane Ole Ivars har hatt suksess med! No som Ole Ivars er inne i sitt 58 og siste år som band er det først og fremst heilt vanlege folk dei vil takke for sin suksessog eksistens. Det har blitt 37 studioalbum og dei har spelt inn nær 600 låtar! Bandet har motteke fleire titals Gull- og Platinatrofé. Med konserten “Takk for alle fine år”, vil Ole Ivars for siste gong gi publikum gleda av å høyre dei i kulturhus, konserthus og andre populære scener. Dei lovar eit variert utval frå innspelingane sine. Dei største “hitsa” vert sjølvsagt servert, samt nokre av låtane dei sjølve likar best. Denne konserten er eit velmeinande takk til alle dei som har møtt opp for dei på den lange reise i musikken si teneste. Med på reisa denne gongen har vi: Ole Ødegård - pianist og grunnleggar av bandet Arne Willy Foss - klarinett, saxofon, fløyte William Kristoffersen - bassist, vokalist, primus motor og låtskrivar Morten Nyhus - trommer, produsent og tekniker Bjørn Elvestad - gitarar, trekkspel, keybord og vokalist Espen Hagen Olsen - hovudvokalist og gitar Konserten “Takk for alle fine år” vert spelt for sittande publikum i amfi. 100 minutt med mimring og godlåtar!