Lietuviškas Kalédu vakarélis - Litauisk Julefest
Billettar
Om arrangementet
Litauisk julefest
Vi inviterer til ein familiefest basert på litauiske juletradisjonar!
Kulturhuset vil vere vertskap, medan ein god gjeng med litauiske strandarar vil stå for programinnslag og pynting. Frå scena får vi mellom anna song, og danseinnslag. Vi skal ha juletregang og mykje leik og moro for barn.
Det blir matservering basert på at alle familiar som kjem tek med seg eit fat med mat til felles buffet.
Vi ser fram til ein triveleg fest der alle i bygda kan få oppleve og delta på litauisk julefest!
Frist for påmelding: torsdag 7. desember
Pris: kr. 50,- pr barn
Vaksne: gratis, men du må “kjøpe” ein fribillett, og ta med litt mat til buffet.
Arrangementet blir gjennomført med støtte frå Sparebanken Møre.