Late in the evening - Tribute to Simon & Garfunkel

Om arrangementet

Late in the evening - a tribute to Simon & Garfunkel I snart 15 år har Mass Peter Jelle og Sigurd Drege leika med tanken om ein konsert i Storfjord Kulturhus, der dei vil hylle den legendariske songaren, gitaristen og låtskrivaren Paul Simon - hovudmannen i ein av pophistoriens mest kjende duoar, Simon & Garfunkel. Laurdag 18. februar vert draumen realisert, og saman med Jårångskoret frå Geiranger, mannskoret Kor Nøye, diverse solistar og eit orkester med lokale musikarar, inviterer dei til ein heilaftan der mange av dei mest kjende låtane til Paul Simon vert presenterte. Dei fleste i Mass Peter sine arrangement. Simon & Garfunkel har vunne sju Grammyprisar og vart innlemma i The Rock an Roll Hall of Fame i 1990. Deira mest kjende «reunion» er konserten i Central Park i New York, der dei samla meir enn 500.000 tilhøyrarar. Resten er historie! Kom og høyr alle dei flotte låtene i Storfjord Kulturhus, Stranda, laurdag 18. februar kl. 19.30.

Simon og Garfunkel starta å synge i lag i 12-årsalderen og alt i 1956 danna dei duoen Tom & Jerry der dei framførte songar i rein Everly Brothers-stil. I 1963 kom første plata, «Wednesday Morning, 3 A.M.» Den selde dårleg og Simon reiste til England for å gjere solokarriere. I 1965 kom ein ny versjon av «The Sound of Silence», frå debutplata ut, denne gongen med elektrisk gitar og trommer. Låten gjekk til topps på hitlistene i USA og dei to kom saman att. Duoen hadde enorm suksess, men krangla så fillene rauk, og i 1970 skilde dei lag - same året som deira siste studioalbum, «Bridge over Troubled Water», kom ut og vart ei av pophistorias mest selde plater.

Paul Simon kom deretter med ei rekkje flotte album og toppa i 1986 karrieren med «Graceland», eit nyskapande verk, delvis innspelt i Sør Afrika med afrikanske musikarar, og fullført i USA med gjestemusikarar som Linda Ronstadt, The Everly Brothers og Los Lobos. Simon vart i den samanheng kritisert for å bryte den sørafrikanske kulturboikotten, men har i all ettertid vorte hylla for dette fantastiske verket.