Koronainformasjon

OPPDATERING FREDAG 10.12.21 kl 08.00

Julematiné med Velledalskoret laurdag den 18.12, og Julejazzen  med Sykkylven Storband med vokalistar, går som planlagt, i samsvar med dei nye retningslinjene. Publikum må sitje på tilviste plassar med 1 ledig sete mellom kvar kohort.

Strandaquiz´n som liveshow er avlyst, men det blir digitalquiz som tidlegare i koronatida.

 

Kinoframsyninga går som planlagd. Setebestilling er innført, og med automatisk regulering; 1 sete ledig mellom kvar kohort.

 

GENERELLE REGLAR OG INFORMASJON: 

Storfjord Kulturhus følgjer dei til ei kvar tid gjeldande nasjonale og lokale reglar, råd og retningslinjer: Helse Norge // Stranda Kommune

Dersom smittesituasjonen, reglar og anbefalingar endrar seg slik at det får konsekvensar for arrangement eller kino, kontaktar vi billettkjøparane direkte via e-post.

• Hald deg heime og test deg når du er sjuk eller har symptom

• Hald avstand til andre

• Munnbind er anbefalt der det er vanskeleg å halde avstand

• Hald hendene reine 

• Ytterkle kan du ta med inn i salen eller henge på garderobestativ i foajeen

• Kinokiosken er open som vanleg på kinoframsyningar. 

 

VIKTIG BILLETTINFORMASJON:

• Vi oppmodar alle om å kjøpe billett på førehand, i ebillett-appen eller på www.storkultur.no

• Personar frå same husstand eller tilsvarande nære kan sitje saman. Alle andre må kjøpe enkeltbillettar. 
• Billettsystemet syter for at det står igjen nødvendig avstand mellom deg og neste billettkjøpar. 
• Du må registrere namn og kontaktinfo når du kjøper billett. 


Ta gjerne kontakt med oss på post@storkultur.no om du har spørsmål eller ønskjer meir informasjon!

 

Publisert
01. januar 1970
Skrevet av