Kor Løye - Jubileumskonsert
Billettar
Om arrangementet
Velkomne til storfeiring i Storfjord Kulturhus 16. desember! Kor Løye hadde si aller første øving i mars 2013, og no har det allerede gått 10 år! Dette må sjølvsagt feirast! Koret går heilt tilbake til røtene med ein god gammaldags kafekonsert med småbord og lun atmosfære. Tradisjon tru vil det bli servert ein matbit i pausen. Kor Løye har vore svært aktive og produktive gjennom desse åra, og publikum blir no tatt med på ei kjekk mimrestund med mykje god song, musikk og humor. Det vil bli gjensyn med fleire karakterar og gjesteartistar frå konsertar og kabaretar i åra som har gått. Ta fri frå julestria og bli med Kor Løye ein tur ned «Memory Lane» denne kvelden. Det er vel verdt pausen! Kor og band er i storform, og gler seg til å ta mot deg saman med vener og familie.