Mat & Kultur - Korean Style

Om arrangementet

På vår kulinariske kulturreise har vi no valt å rette nasen og ganen mot Korea! Koreansk mat er noko av det mest trendy du kan få for tida - og vi hiv oss sjølvsagt på denne trenden! Det koreanske kjøkenet byr på alt det vi elskar med asiatisk mat, og vi er sikre på at Erik vil trylle fram noko som både er eksotisk og “steike godt”! På menyen har vi: Forrett: Yangnyeom Chikin - Street Style Hovudrett: Koreansk biff med gochuang og ris - Gangnam Style Dessert: Surprise Style (!) Erik vil velge ut god drikke til måltidet som du kan kjøpe på førehand som vinpakke, og elles vil vi ha eit bra utval i baren vår på sjølve kvelden. Tradisjonen tru så kjem vi sjølvsagt og til å blande inn litt koreansk kultur. Kva dette blir er vi spente på?! Kanskje litt K-pop? Ein koreaquiz? Eller kva med litt fart på golvet med Gangnam Style… Vi tek i mot innspel på dette! Kjem de som ein venegjeng, ta gjerne kontakt for å reservere bord:) Velkomen! ??