KLYPA - 20 år og like forbanna.

Om arrangementet

KLYPA - 20 år og like forbanna Kjellen og co. har hatt ei meeeget ufrivilleg pause i turnèlivet, og slår no tilbake for fullt! I 20 år har denne herlege gjengen berika liva til folk i heile noregs land, og no er dei klar for å feire 20-års jubileum. Showet har fått Tittelen: «Klypa presenterer: 20-år og like forbanna». Har det nokon gong vore eit tidspunkt for å fortelle alt èin kan verte forbanna på? Neppe! Ord kan ikkje beskrive dette showet, det må sjølvsagt opplevast - så hiv deg rundt og kjøp billett! Vi gledar oss!