Katrine Langlo Band

Om arrangementet

Katrine Langlo tek med seg det fantastiske bandet sitt og inntek Stranda si storstove for første gong med eige materiale. Katrine er kanskje ikkje heilt ukjend for dei fleste i bygda når det kjem til musikk og kultur, men dette er første gong ho held sin eigen fullengdes konsert i kulturhuset i heimbygda. I tillegg til nokre låtar som allereie ligg ute på strøymetenestene, så har Katrine ein etter kvart ganske stor låtkatalog å plukke frå. Med seg i bandet har ho dei dyktige musikarane Daniel Dvergsdal, Aksel Helstad, Stephanie Roux, Malin Pålsson og Erik Torset. Katrine Langlo med band fekk strålande omtale etter verkstadkonserten på Automek i oktober, så her er det berre å kjenne si besøkelsestid.