Julekveld med Teskjekjerringa

Om arrangementet

Julekveld med Teskeikjerringa Musikalsk juleforestilling for heile familien Teskjekjerringa elsker jula! Men i år går ikkje alt helt etter planen. På sjølvaste julafta blir hun brått lita som ei teskei! Rekk ho å bli ferdig med å vaske, bake og pynte til jul? Det er klappa og klart for julafta – nesten. Mannen til Teskeikjerringa har gløymt både fuglenek og juletre, og har kjøpt stålull i staden for smør … og nabokjerringa som alltid veit best, stikk innom en tur på verst tenkjeleg tidspunkt ... Teskeikjerringa er både rampete og snill. Når ho blir lita, forstår ho ting som ingen andre vaksne kan – til og med kva dyra seier! Alle folk og dyr er like mye verdt for Teskeikjerringa. Ho hjelper andre når ho kan og deler raust av det ho har. - Ikkej så rart då at Teskeikjerringa får hjelp frå uventa hald når ho treng det som mest! Prøysens jordnære univers har ein humoristisk snert som saman med leikne dekorasjonar, kostymer og musikk fenger både store og små! Historia om Teskeikjerringa minner oss på at hvis ikkje alt blir som vi hadde tenkt, så blir det kanskje minst like bra likevel. - Og kanskje kjem julenissen?