Horizons Project - konsert

Om arrangementet

Med lokalprodusert musikk samt ein gjeng drevne koristar frå Stranda, ligg dette an til å bli ei konsertoppleving det bli verdt å vitje! Bandet har hatt konsertar i Ålesund, Sula, Brattvåg og Fosnavåg samt opptrådd på profilerte festivalar som Jugendfest, Sommerfesten og Havgaprock. Dette skulle opprinneleg bli andre stopp på ein miniturné som bandet skulle gjere i Møre og Romsdal utover våren og sumaren 2020. Koronaen kom, og planane måtte endrast. No blir det første og sannsynligvis eineste konsert i 2021! Då er det ekstra stas at det er på ein plass bandet ikke har opptrådd før. Bandet har base på Sula og medlemene er Sulamittar og Ålesundarar. Musikken må vel seiast å vere mest inspirert av 70-talets storleikar som Pink Floyd, Deep Purple mfl. NRK klassifiserte albumet «Behind», som bandet slapp i 2017, for folkeleg progrock. Musikken spenner frå fengande popmusikk, via god gammaldags rock, til det svevande og pompøse. Sjåast i kulturhuset 6. november! Ein gler seg ?? Bandmedlemer: Finn Thorsen – Gitar Børre Lervåg Dalhaug – Trommer Pål-André Måseidvåg – Gitar og vokal Svein André Riise – Vokal Bjørn Helge Lervåg – Bass Ole Tommy Blomvik – Vokal og gitar Roger Hauge – Vokal og perkusjon Jan Gunnar Åkre – Tangentar og vokal Lokale koristar Andreas Lillevold Trude Skogly Rolfsen Line Reed Drege Malin Pålsson Ove Årdal Gunnhild Marie Overvoll Ingvar Ola Eliassen Knut-Sigurd Rinde Habostad