Home At Last

Om arrangementet

Home At Last Home At Last består av røynde lokale musikere frå Sykkylven, Ørsta, Ålesund og Stranda, som har stor sans for musikken til det legendariske amerikanske bandet Steely Dan. Steely Dan er eit Grammy-prisvinnande amerikansk band etablert i 1972. Donald Fagen og Walter Becker var bandets grunnleggere og dei einaste faste medlemmane frå 1974 til Beckers død i september 2017. Bandet nådde toppen i popularitet på 70 og 80-tallet, da dei lanserte sju album med element av rock, funk, R&B, jazz-fusion og pop. Steely Dan legg stor vekt på detaljar i lydbildet, og både arrangement og produksjon er prega av perfeksjonisme. Tekstane består gjerne av historier med kryptiske og ironiske vendingar. Av Steely Dans mest kjente sanger kan nevnast «Do It Again», «Reelin' In the Years» og «Rikki Don't Lose That Number». Steely Dan vart innvia i Rock and Roll Hall of Fame i 2001.

Home At Last tek musikken til Steely Dan på alvor og har øvd mykje for å framføre den så autentisk som mulig. Bandet fekk svært gode tilbakemeldingar etter konsertane dei hadde hausten 2021 på Sykkylven Kulturhus. To fulle hus og høg stemning, gjorde sitt til at medlemmane bestemte seg for at musikken til Steely Dan må videre ut til folket. På repertoaret er det med låtar frå dei fleste plateutgivelsane til Steely Dan.

Gå ikkje glipp av konserten med Stranda sin eigen gitarhelt, Andreas Siem og Home At Last i toppform, og den perfekte musikken til Steely Dan.

 

Bandet:

Leif Atle Strand (vokal)

Nathalie Blindheim Kanestrøm (vokal)

Victoria Yishue Fiskerstrand (vokal)

Mathias Utgård (gitar)

Andreas Siem (gitar/piano)

Kristian Lade (keyboard/piano)

Sondre Kvistad Utgård (trommer/vokal)

Sveinung Utgård (bass)

Eirik Lade (trompet)

Tom Ivar Sætremyr (trombone)

Thore Senneset (tenorsaksofon)

Elias Senneset  (tenorsaksofon)

Trygve Furmyr (barytonsaksofon)