Greg Niemczuk spelar Mozart og Beethoven

Om arrangementet

Greg Niemczuk spelar Mozart og Beethoven ! Den polske mesterpianisten Greg Niemczuk har gjesta Storfjord Kulturhus ved tidlegare høve - i 2018 og 2019. Konsertane vart store suksessar, og publikum har ønska han tilbake. Greg Niemczuk vart difor invitert til å halde ein stor Beethoven-konsert i Stranda under Beethoven-året i 2020. Men som en følge av pandemien måtte konserten utsettast til våren 2021. Då var imidlertid pandemien heller ikkje over! No er han endeleg her igjen og skal glede oss med sitt eminente spel. Greg Niemczuk vil på konsert til våren spele noko av dei vakreste og mest kjende verka av Mozart og Beethoven: Patetique-sonaten, Tyrkisk marsj-sonaten, dei to berømte rondoene av Mozart og Beethoven, og til slutt Liszts transkripsjon av Beethovens «Eroica»-symfoni. Eit program til å imponere!

Greg Niemczuk har dei siste 14 åra spelt over 400 konsertar i 31 ulike land. Det er særleg hans sensitive og poetiske tolkningar - kombinert med hans vakre klanghandsamin og hans lidenskaplege virtuositet - som har gjort ham til en favoritt blant publikum og presse. Carnegie Hall-debuten hans vart skildra i The Epoch Times som:

«Full av flyt og frihet i linjene, et ekstremt bredt dynamisk spekter - fra øredøvende fortissimoer til hviskende pianissimoer - klanglig variasjon og glitrende virtuositet».

Og Greg får stadig større fotfeste her i Noreg. Overalt kor Greg spelar blir han invitert tilbake. Hovedgrunnen er naturleg nok at han er ein eineståande gåverik og dyktig pianist, men og fordi han er en så hyggeleg gut: venleg, open, utadvendt, alltid smilande, begeistra, glad i menneske, beskjeden og takknemlig for alt – elska og høgt respektert kvar han enn kjem. Greg ser no på Noreg som sitt andre heimland!