Familieshow // Jeg vil heller danse på bordet

Om arrangementet

Marianne Krogness og Karoline G. Herlofsen inviterer til familieshowet ”Jeg vil heller danse på bordet”. Molly & Partner er blant anna kjent frå NRK Radio Super og Barnas Trafikklubb, og showet er basert på den fantastiske musikken frå dei to siste CD-platene og blir bunde saman av mykje tull og tøys. I 2019 vart songane utgjevne i ei eiga songbok med singback på Musikkforlaget. Molly & Partner har ikkje bil, men dei har både sykkel og trillebår. Klokke klarer dei seg utan. Dei har ikkje pengar heller, men det pleier alltid å ordne seg. Nesten kvar dag rasar det nemlig ut masse godteri frå eit hol i veggen bak sofaen. Godteriet brukar dei til å bytte til seg alt anna dei treng. Seks egg og ein liter melk for ein pose seigmenn, ein kålrabi for fire sure skrikarungar, og ein gong fekk dei ein stålampe (!) for ein pose ostepop og tre melkesjokoladar. Molly & Partner lovar at livet blir totalt forandra for dei som kjem og høyrer på. Ærbødigst, Molly & Partner, eller som det står i sjølvangivelsen: Marianne Krogness og Karoline G. Herlofsen. https://radio.nrk.no/serie/molly-og-partner/MKTT10001610 Om Marianne og Karoline: Marianne er skodespelar og manusforfattar og er kjend fra Tramteatret og Pelle Parafins Bøljeband, tv-reklamene for Shell og ei rekkje revyar, komedier og filmar. Ho var også tilknytta barne- og ungdomsavdelinga i NRK i fleire periodar. Karoline G. Herlofsen er regissør, manusforfattar og artist og har jobba med barnekultur i en halv kvinnealder. Alt frå radio og barne-tv til barneteater. Marianne og Karoline har jobba saman i 19 år, og har blant anna gjeve ut tre barneplater, turnert rundt i Norge med Molly & Partner show, og spelt inn ti høyrespel for NRK Radio Super. Hausten 2018 ga dei ut songbok på Norsk Musikkforlag samt at dei nyleg lanserte sangen «Se og Bli sett» og «Ut på tur» for Barnas Trafikklubb - Trygg Trafikk.

Sagt om Molly & Partner:


”Endelig ny musikk med litt frekke tekstar som samtidig er
tankevekkjande og appellerer både til store og små. Dei minner meg
om Knutsen & Ludvigsen, der dei leikar med ord og er uforutsigbare”                                                                                                                        Vibeke Garrod, Bergen Off. Bibliotek 


“Sjarmerande, smart og morsomt familieshow med musikk,
tekst og humor som treff både små og store”
Karen Lorch-Falch, Litteraturhuset i Oslo


"Molly & Partner gjesta Lillestrøm Kultursenter i tre dagar i
samband med vår barnehagefestival. Publikum hyler i ekstase
over Molly & Partner sitt tull og tøys, og salen fyllast gong på gong med barnelatter. Songane er fengande, og skodespelarane får
borna engasjert frå første stund! Moro for liten og stor.”
Karoline Solli, Lillestrøm Kultursenter
 
"Dansar og leikar med ord. Terningkast 6”
Telen
 
"Fordi borna fortenar det"
Øyvind Rønning, Dagbladet 
 
“Ei musikalsk perle blant alt rusket som kjem frå norske
plateselskap for tida”
NRK P1, Norsk på Norsk 
 
"Molly & Partner leverte ein morosam og dansbar konsert på
Miniøya søndag 31. mai 2015! Vi falt for musikken til Molly &
Partner allereie då vi fekk høyre råmaterialet til den nye plata på
hausten. Det er mykje humor i tekstane og musikken er fengande og
dansbar!”
Henriette Larsen, Kunstnerisk Leder Miniøya


Stikkord for kva Molly og Partner står for er:
vennskap, det å vere annleis og det å klare seg med lite -
dei to lever i eit slags byttesamfunn. I tillegg handlar
songane våre om det å følge sitt eige hjarte, mødre
som er for mykje på telefonen og ikkje ser sitt eige barn,
om korleis vi brukar tida vår og annan
livsvisdom i ei innpakning som er ganske tullete - men
med høg musikalsk kvalitet. I tillegg er vi to
voksne (hønngamle) damer som har skrive alt materialet vårt
sjølve, noko som forhåpentlegvis tyder at vi er brukbare
rollemodellar.