Einar Arves Gjestebud
Billettar
Om arrangementet
Kva får du viss du kryssar Jamie Oliver med Arne Brimi? Svaret er ganske enkelt: då får du Einar Arve Nordang. I ledige stunder - som han har stadig færre av – finn denne ivrige hobbykokken stadig snittet sitt til å lage mat ute i naturen. Reiskapane er ofte enkle og snodige – og vi har høyrt frå sikkert hald at resultata er framifrå! Han har oppgradert «Soda Can Chicken» til «TrashCan Turkey», ein prosess som involverer varmtvatnberedarar, kjempetørkerullhaldarar og open eld(!) Han har funne ledig tid i kalenderen sin og har sagt ja til å dele denne kulinariske opplevinga med oss på Kulturhuset laurdag den 5. oktober. I tillegg serverer han ein spennande forrett og ein klassisk dessert som førebels er under konstruksjon. Hans fru og Erik plukkar ut passande vinar for høvet – så vinpakke er nesten obligatorisk denne kvelden. Vi kan love ei oppleving du seint vil gløyme, med kokkekunst, skrøner og matkultur i skjønn foreining! Her kan det fort bli fullt. Kun 50 plassar!