Dylans Kvinner

Om arrangementet

Ein hyllest til Bob Dylan i ord og tonar! Velkomne til intimkonsert med Stranda sin eigen Dylan coverduo, Tom «The Bob» Raab og Sigurd «Mr. Tambourine Man» Drege. Framføringa, akkompagnert av amerikanskinspirert mat og drikke, omhandlar Dylan sitt forhold til dei kvinnene som har inspirert han i hundrevis av songar, både på godt og vondt. «Tom the Bob»: Alt som fireåring måtte eg høyre på Dylan gjennom veggen til mine eldre søsken. Bob var det heitaste og mest heftige ein kunne tenkje seg på den tida, og eg fekk inn «Dylanrørsla» med morsmelka.Totalt hjernevaska vart eg prega av musikken hans gjennom oppveksten. I mange år var det «sounden» av Dylan som trigga meg, men etterkvart som engelsk-kunnskapen vart betre, kom tekstane til den store meisteren i tillegg. Kombinasjonen er uslåeleg. Etter å ha spelt Bob sine songar med bandet «Hurricane» i ti år, er det ei enorm glede, men og ei utfordring å få spele songane «unplugged» saman med Sigurd - og i tillegg på det som for meg har blitt heimebane. Eg har, trass alt, budd på Stranda i 23 år. «Mr. Tambourine Man»: Musikkinteressa mi starta tidleg, og eg hugsar godt då The Beatles kom med «Love me do». Eg trur det endra livet mitt, og eg har sidan det vore sterkt oppteken av musikk. Eg starta i band då eg var 15, og har halde på sidan - mest som hobby, men og nokre år på heiltid på 70- og 80-talet. Første Dylanplata mi var «Planet waves» som kom ut i 1974. The Band spelte saman med Bob på denne plata og eg var svært imponert. Sidan var det nok ikkje Dylan som var førstevalet, men då både Tom Raab og Øystein Braaten, begge store dylanfans, kom til bygda, vart eg med i ymse grupper der vi spelte mest dylanlåtar. Eg måtte ta dette på alvor, og byrja å setje meg inn i tekstane til Meister Bob. For å seie det slik: «I shall be released». Bob Dylan, Nobelprisvinnaren i litteratur, er for mange ein vanskeleg musikar. Verka hans er ikkje alltid slike ein kan nynne til etter første lying, og tekstane bør ein både høyre nøye etter, og helst analysere for å forstå. Stemma hans, og måten å betone og frasere tekstane på, kan med rette omtalast som ein kjenslemessig vulkan. Vi har gått i djupet av nokre av desse songane, og gler oss til å dele vulkanutbrotet med dykk… Dele nokre av songane til ein av dei viktigaste musikarane og forfattarane gjennom tidene. Og - berre så de er klar over det: Konserten varer om lag to timar, med ein god pause mellom setta. Amerikanskinspirert matservering: I pausen serverer vi ein real amerikansk burger med pulled pork, fries og coleslaw. Dessert blir det også; Bananasplit! Erik er kokk og kan sine saker. Ein flott heilaften med andre ord. Kun 50 plassar...Ting i tide!