Den uendelige historien - Teatret Vårt

Om arrangementet

Ei fantastisk reise i tid og rom Ein dag finn Bastian ein mystisk bokhandel på veg heim frå skulen. Der inne blir han spesielt nysgjerrig på ei stor bok. Bastian opnar den, og får innblikk i den fantastiske verda Fantasia. Etter kvart viser det seg at den som les boka blir med i handlinga. Då kan det bli vanskeleg å finne vegen ut att ... Fantasia held på å forsvinne. Og ikkje nok med det - keisarinna har blitt sjuk og ingen veit kva som kan gjer henne frisk. Eventyrhelten Atreju må legge ut på ei lang og farefull reise for å finne ut av alt det merkelege som skjer. På vegen møter han rare figurar og skumle vesen. Han må også klare å komme seg gjennom tre magiske porter for å redde Fantasia. Til sjuande og sist er det Bastian som må løyse gåta. Korleis skal han greie det? Den uendelige historien er ei eventyrleg fortelling om leik, fantasi og barns måtar å sjå verda på. Bli med på ei reise inn i fantasien, kor spennande figurer og landskap utfoldar seg!